Arne Torget har lete oss ta del i sitt eige univers med hus, heim, og katt.
Katten som lyer namnet "Pus" let han oss få fylgja i tjukt og tunt.
Om han verkeleg set Pus så høgt som han gjer utrykk for, er ikkje avklart.
Me registerer berre at Arne er oppteken av kva katten tek seg til og kjenner eit slags elsk/hat kjensle i det han skriv.
Faktisk skriv han so mykje om katten og anna at det er vorten ei bok ut av det.
Boka har fått namnet "Soldråpar" og er gjeven ut på Kababel Forlag.
Forlaget kan du besøka her : http://kapabelforlag.no/2011/11/soldrapar/ for å lesa meir om boka til andre og andre bøker du kanskje ikkje hadde høyrt om før.
Boka vart til etter at Arne byrja å leggja ut poesi på Facebook.
Allslags folk byrja å følgje han der og kom med motsvar på dikta han la ut.
Pus er ein figur som deltek aktivt i dikta og no var det på tide med ein egen blogg og meir Facebook morro med Arne og katten.
Under kan du sjå eit bilete av Katten Pus og kor glad han såg ut etter at boka var utgjeven.
Me synes Pus ser litt stolt ut !